Vedtekter for Villsaulaget Vest - Hordaland, Sogn & Fjordane
1. Namn og geografisk område
Villsaulaget Vest - Hordaland, Sogn og Fjordane, heretter kalt laget, er ein ideel medlemsorganisajon geografisk avgrensa til fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Regnskapsåret følgjer kalenderåret.
2. Formål
Laget sitt formål er å fremja interesser som knyter seg til å ta vare på og utvikla sau av rasen gamal norsk sau/villsau. Laget skal stimulera til, og driva opplysningsarbeid som fører til auka forståing og kunnskap om rasen, den verdi rasen har som genresurs, landbruksprodukt, grunnlag for husflidsprodukt og som pleiar av kystkultur-landsskapet.
3. Medlemskap
a) Som aktive medlemmer i laget kan ein ta opp einskildpersonar eller verksemder/samdrift som driv produksjon av villsau etter dei retningslinjer som laget fastset. Nye aktive medlemmer vert tatt opp etter skriftleg søknad, som styret skal godkjenna. Alle aktive medlemmer som har betalt medlemskap for gjeldande år, har stemmeret på årsmøtet. Kvar gardseining/verksemd kan maksimalt avgje 2 stemmer. Medlemsskap er årleg.
b) Som støttemedlem kan ein ta opp alle som har interesse for villsau. Medlemsskap er årleg.
4. Aktive medlemmer sine plikter og rettar
Aktive medlemmer har rett til å omsetja dei produkt som årsmøtet fastset. Aktive medlemmer har plikt til å retta seg etter dei retningslinjer for produksjon og levering som årsmøtet fastset. Aktive medlemmer har rett til å benytta seg av dei øvrige tenester som årsmøtet fastset at laget skal tilby alle sine medlemmer.
5. Støttemedlemmer sine rettigheiter
Støttemedlemmer har rett til å benytta seg av dei tenester som årsmøtet fastset at laget skal tilby alle sine medlemmer.
6. Styret
Laget vert leia av eit styre på 5 medlemmer, som skal velgast av årsmøte av aktive medlemmer. Leiar for 1 år, og 4 styremedlemmer kvar for 2 år (2 styremedlemmer på val kvart år). Det skal velgast 3 varamedlemmer, kvar på 1 år, i nummerert rekkjefølge. Ein skal så godt som mogeleg prøva å fordela styremedlemmene frå ulike geografiske regionar i dei to fylka. Styret konstituerer seg sjølv, med nestleiar, sekreter, kasserar og styremedlem. Styret er vedtaksfør når minst 3 av styret er tilstades, og ein av dei er nestleiar eller leiar. Laget held møter når ein treng det. Laget fører protokoll frå møta. Styret kan peika ut arbeidsutval eller grupper med spesielle arbeidsoppgåver7. Årsmøte
Årsmøte er lagets sitt høgaste styringsorgan. Det skal haldast årsmøte kvart år, og innan utgangen av mars månad. Forslag til årsmøtet må foreligga 2 veker før årsmøtet. Avgjersler på årsmøtet vert avgjort etter vanleg fleirtal. Til årsmøtet skal det leggast fram styrets årsberetning, revidert rekneskap og saksliste. Årsmøte skal varslast med skriftleg innkalling (brev eller e-post) til kvar einskild medlem minst 14 dagar før årsmøte. Innkalling skal innehalda saksliste.
Årsmøtet skal ellers handsama:
1.Val av møteleiar og referent.
2.Godkjenning av innkalling.
3. Styret si årsmelding.
4. Rekneskap og evt. budsjett.
5. Fastsetjing av arbeidsplan for neste år.
6. Val av leiar og øvrige styre.
7. Val av valkomite og revisor.
8. Innkomne saker.
9. Eventuelt (Benkeforslag kan takast opp dersom minst 2/3 av dei frammøtte på årsmøtet vedtek det).
8 Ekstraordinært årsmøte
Det kan kallast inn til ekstraordinæt årsmøte når eit fleirtal av styret eller ein tredel av medlemmene krev det. Her kan berre handsamast dei saker som er årsak til innkallinga. Innkalling skjer etter dei same fristar som gjeld for årsmøtet.
9 Leiar
Ved eventuell stemmelikheit (i styret, årsmøte eller ekstraordinært årsmøte), og berre då, har leiar dobbeltstemme.
10 Vedtektsendringer
Forslag til vedtektsendringar må, for å kunna handsamast på årsmøtet, vera nemd som eige punkt i innkallinga. Til vetektsendring treng ein 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøte og vanleg fleirtal på ekstraordinært årsmøte.
11. Straffevedtak
Medlemmer som ikkje opptrer etter lagets vedtekter kan etter vedtak med vanleg fleirtal i årsmøtet verta utestengt frå laget. Styret kan etter vedtak i styret utestenga medlemmer midlertidig fram til eit evt. årsmøtevedtak.
12. Oppløysing av laget
Forslag om oppløysning av laget må framstillast minst ein månad før innkalling til årsmøtet. Vedtak om oppløysning av laget krev minst 2/3 fleirtal på årsmøtet, med minst 2/3 av medlemmene til stades. Møter det færre må forslaget takast opp på nytt ordinært årsmøte. Forslaget kan då vedtakast ved vanleg fleirtal av dei medlemmene som er tilstades. Ved oppløysing av laget skal all gjeld betalast. Deretter skal eventuell formue delast på medlemmene.


