Informasjon og nytt


23. august 2010:

Beskytta geografisk nemning - Villsau frå norskekysten -

Villsau frå norskekysten er no også registrert i Brønnøysund, med eige styre.


Styret i Villsau frå norskekysten og styret Villaulaget Vest vil administrera oppstarten,

og opnar no for at alle som driv etter driftsplanen/produktforskriftene kan registrera seg.


Dersom du driv villsaudrift må du no registrera deg for å få levera under merkenamnet.

Det er inntil vidare gratis innmelding/registrering for dei som vert godkjent.


Merkenamnet vil styrka merkevaren villsau.

Forbrukaren vil vera sikker på han får ekte villsau når han kjøper -Villsau frå norskekysten-

Produsentar som ikkje driv etter rett villsaudrift vil ikkje kunna levera under merket.

Me har etablert samarbeid med Fatland og Nortura.


NB! NB! For at me skal få ei rask oversikt over dei som meiner dei oppfyller krava

til villsaudrift under merkenamnet - Villsau frå norskekysten -

er det viktig å senda ei midlertidig påmelding allereide i dag på e-post til:

post@villsauvest.no med namn og adresse, kommune og ca antal vinterfora dyr.


Etterpå må du lasta ned driftsplanskjemet og lesa veiledaren,

og fylla ut skjemaet.

Driftsplanveileder for villsauhold

Driftsplanveileder/skjema

Dette skal sendast til:

Villsau frå norskekysten, v/Arild Sunde, Postboks 14, 5387 Møkster.


Alle som sender inn må godkjennast individuelt.

I tillegg til driftsplanskjemaet, bør det helst leggast ved kart som viser

garden og kor sauene har beite,

og i tillegg helst også 4-5 foto som viser garden, innmark og utmark/beite.

Eller på Google Earth (eller tilsvarande program) kan du finna svært gode

oversiktsfoto, som altenativ til kart/foto,

og merka av kor garden ligg, kva som er inn-, utmark/beite.

Foto kan også sendast digitalt som vedlegg til: post@villsauvest.no

Oppfyller du krava for villsaudrift må du melda deg på snarast,

slik at slakteria får registrert dei som kan leverera etter merkeforskriftene.


Alle må pårekna kontroll på garden etter ei tid, og med jamne mellomrom.

Me hadde håpa på å starta opp i haust, men no ser det ut til at overleveringsdatoen

er satt til i oktober.


Det er planlagt eit arrangement i samband mer overrekkinga av merket,

og nærare info om dette kjem når endeleg dato er fastsatt.




----------------------------------------------------------



 



Villsaulaget Vest v/Arild Sunde, pb 14, 5387 Møkster post@villsauvest.no Copyright © webmaster